Det grønskast på jorda og trea får snart lauv her på garden. Garden Håvardsrud ligg 650 moh. og det er her me bur haust, vinter og vår. No er kyrne inne i fjoset, det byrjar å bli varmt og eg har tenkt å sleppe dei ut på torsdag. Før det må eg til med gjerding. Etter fjosstellet i morgon tidleg skal eg fyrst rydde rundt på setervollen slik at det blir ordentleg til konfirmasjon på torsdag. Så skal ei lita foreldregruppe lage ferdig kanininhegning på skulen og to av kaninene skal fløtja ned fram til sommarferien. Veit ikkje heilt om dei vil kjenne seg innestengd for no har dei nemleg heile verda å hoppe i. Dei helsar på kvar dag og sidan hokanina sit i bur inne i fjoset er gutane stadig bortom og snusar gjennom nettinga. Her ser eg at det blir naudsynt med oppdateringar….